Kvam Open 2026 - Presented by MVP DISC SPORTS

Velkomen til Kvam Open 2026

Velkomen til Kvam Open!

Vi har gleda av å ønskje dykk hjarteleg velkomen til den aller første Kvam Open, spelt på Kvam Disc Golf Course.

Dette er ei historisk helg for frisbeegolfen i Kvam. For første gong samlar vi spelarar frå nært og fjernt til PDGA-turnering på ei bane som er bygd stein for stein, kast for kast – av entusiasme, dugnadsånd og ekte speleglede.

Kvam Disc Golf Course byr på ei variert utfordring med både tekniske liner og opne fairways, der presisjon, kloke val og godt spel blir belønna. Her får de verkeleg testa både ferdigheiter og nerver i flotte vestlandsomgjevnader.

Vi håpar Kvam Open blir meir enn berre ein konkurranse – ein møteplass for gode kast, nye bekjentskap og minner som varer lenger enn scorekortet.

Lykke til i turneringa, spel fair – og nyt runden!
Velkomen til Kvam Open 💚🥏

Praktisk informasjon om frisbeegolfturneringa

Dato og klokkeslett

  • Dato: Lørdag 30. mai 2026
  • Oppmøte: kl. 09:30
  • Spillestart: kl. 10:00
  • Forventet slutt: ca. kl. 18:00

Spelarmøte

  • Fredag 29. mai 2026 klokka 19:00-20:00

Sted og bane

  • Sted: Norheimsund
  • Adresse: Norheimsvegen 185, 5600 Norheimsund
  • Bane: Kvam Disc Golf Course
  • Parkering: Gratis parkering i nærheten av banen

Påmelding

  • Påmeldingen starter 28. februar 10:00
  • Påmeldingsfrist: 16. mai 2026
  • Påmelding: Via Disc Golf Scene
  • Begrenset antall plasser – førstemann til mølla

Påmeldingsavgift

  • Voksne (MPO, FPO og MA3): 400 kr
  • Junior (MJ18): 200kr
  • Betaling og påmelding: Disc Golf Scene

Klasser og nivåer

  • MPO: Åpen klasse, for alle nivåer, konkurransefokus
  • FPO: Egen klasse for kvinner
  • MA3: Åpen amatørklasse for spillere med rating opp til og med 899
  • MJ18: Åpen klasse for spillere under 18 år

Premier og inkludert i avgiften

  • Premier til topp 3 i hver klasse
  • Ekstrapremier for ACE og CTP
  • Spillerpakke: Kvam Open 2026 disc ++
  • Fasiliteter: Vannstasjon på banen, toalett
  • Mulighet for kjøp av drikke og mat nær hol 1

Derfor bør du melde deg på turneringa

Å melda seg på turneringa handlar om meir enn berre plasseringar og resultat. Dette er ei PDGA-sanksjonert C-Tier turnering, der du får konkurrera under offisielle rammer med regelverk, rating og struktur – ei verdifull erfaring for både nye og erfarne turneringsspelarar.

Samtidig er turneringa ein møteplass for frisbeegolfmiljøet. Her møter du spelarar på ulike nivå, får høve til å læra av andre, dela erfaringar og utvikla spelet ditt gjennom reell konkurranse. Fair play, respekt og gode prestasjonar står i sentrum gjennom heile helga.

I tillegg byr bana på ei variert og utfordrande speleoppleving i flotte naturlege omgjevnader, der både presisjon og taktiske val blir sett på prøve. Etter runden samlast vi til sosialt samvær, slik at fellesskapet får leve vidare også utanfor fairwayane.

Dette er di sjanse til å testa deg sjølv i ei offisiell turnering – og samstundes vera ein del av noko større.